Bidraget er publisert med ropert og har blitt hentet fram på Fjordaglimt og Sognatreff (søndag 5. februar). Les mer om roperten…

Årsmøtet vel i havn.

Her ser de nokre av ca 35 medlemmar som hadde funne vegen til Jostedal Hotell laurdag 4. februar, for å delta på årsmøte i Luster Arbeidarparti.

I år hadde me invitert ordføraren i Sogndal, Jarle Aarvoll til møtet, med forventning om at han ville sei nokre ord om forholdet mellom dei to grannekommunane slik han ser det. Han gav uttrykk for å vera sers glad for denne invitasjonen og gav oss ein sers interessant tale om temaet (der han knapt nemde kommunesamanslåing :-)

Den viktigaste hendinga .på eit kvart medlemsmøte er valet. Det å velja tillitsfolk til alle oppgåver som må utførast det neste året.
Styret i Luster Arbeidarparti det kommande året ser slik ut:

Leiar: Finn R. Skare
Nestleiar: Torunn G. Hønsi
Sekretær: Odd Atle Stegegjerdet
Kasserar: Svein Tore Heltne
Studieleiar: Marianne Bugge
Styremedlemmar:
Elin Hauge
Jon Berget
Svein Arve Ruud
Anette S. Nordberg AUF

Det vart også delt ut merker for langt medlemskap. Heile 8 medlemmar oppnådde 50 års medlemskap i 2011. Desse skal få sitt diplom unde 1. mai markeringa. Dei som hadde gjort seg fortent til gullmerke 40 år, sølvmerke 30 år og bronsemerke 20 og var tilstades på møtet fekk merke utdelt på møtet. Alle andre får det utdelt ved eit seinare høve.

Her kan de lese deler av styret sin årsmelding for 2011:

Aktivitet
Årsmøtet i 2011 vart halde på Fjordstova på Skjolden. I 2011 har det vore halde 8
styremøter, 3 utvida styremøter i høve valet, og 4 medlemsmøter.
Luster Arbeidarparti har hatt utsendingar til årsmøte i Sogn og Fjordane Arbeidarparti
og toppkandidatane deltok på motivasjonsmøte i Sogndal.
Odd Atle Stegegjerdet er styremedlem i Sogn og Fjordane Arbeidarparti.
Gruppeleiar Torunn G. Hønsi deltek som ein av 22 deltakarar frå heile landet, på
leiaropplæringa “Kvinne på topp” .
Politiske saker
Styret har gjennom året handsama mange saker, både kommunalpolitiske saker etter
oppmoding frå kommunestyregruppa og andre organisatoriske og politiske saker.
Sognefjelltunellen Etter mange møter over fleire år med denne saka på saklista må
ein kunne sei at ein no har teke eit stort steg framover. Som direkte resultat av dette
arbeidet vart det arrangert folkemøte på Skjolden den 12 mai. Innleiarar var Kjell Kvåle
frå Statens Vegvesen og vegaktivist Kåre Lerum.
Seinare på året arrangerte vi eit sers vellukka sammøte om saka med representantar
frå Luster, Årdal og Lom Arbeidarparti. Dette møtet vart arrangert på Turtagrø Hotell.
Av andre saker styret og i nokon høve medlemsmøtet har handsamma, vil me nemna
føljande:
Utbygging av Ilvatn pumpekraftverk og Øyane kraftverk.
Biobrensleanlegg i Gaupne
Utbygging av vestsideelvane og Vigdal Kraftverk
Kabling forbi Sogn Skisenter
Utviding av Hafslo Barne og Ungdomskule
Budsjett 2012 og økonomiplan 2012 – 2015
Val 2011
Som naturleg er har mykje av kapasiteten til alle tillitsvalde i år vorte brukt til
planlegging, førebuing og gjennomføring av kommunestyrevalkampen.
Valkampen fekk ein ekstra tidleg start i Luster då me vart invitert til å delta i paneldebatt
og med politisk stand på Lustramarknaden fyrst i juni. Som me alle veit fekk den sidan
ein brå og lang pause etter den tragiske hendinga på Utøya og i regjeringskvartalet i
Oslo den 22. juli. Deretter vart det ein kort valkamp som også var prega av kva som
hadde råka Norge.
Då valdagen kom følte me alikevel at me hadde gjort ein god valkamp. Spesiellt vil
me nemna innsatsen til toppkandidaten vår som var sers strukturert og energisk.
Likevel vart valresultatet langt frå det me håpa på. Vi fekk 8 representantar i
kommunestyret som gav 2 medlemmar til Formannskapet og 2 medlemmar til Plan og
Forvaltningsstyret
Fylkestingsvalet gjekk prosentvis noko betre, men her også vart det nedgang frå 2007.
Odd Atle Stegegjerdet vart vald til fylkestingsrepresentant ved fylkestingsvalet og er
medlem av hovudutval for samferdsle.

Sluttord
Styret i Luster Arbeidarparti vil takka alle som gjer ein innsats i partiet. Luster
Arbeidarparti er og har som ambisjon å vera ein spydspiss i arbeidet med å
vidareutvikla Luster til ein enno meir robust og attraktiv kommune

Vist 205 ganger. Følges av 1 person.
 

Nye bilder